Artikkelen handler om FoU og Svin

Sortering av fleskesider med sikte på optimal produksjon

Er det nokon samanheng mellom GP2, tomografering og dissekering, og korleis kan ein i tilfelle bruke desse dataene til å sortere fleskesider?

Kvart femte år vert kjøttprosentlikninga i GP2-instrumentet justert ved at eit utval grisar vert dissekert for å finne eksakt innhald av kjøtt og feitt i dyrematerialet. GP2-instrumentet vert brukt for å bestemme kjøttprosenten i gris. Det vart gjennomført dissekering i 2001. Då vart det bestemt at fleskesida på den andre halvdelen av grisen skulle verta tomografert. Det vil sei at det vart tatt 25-30 tverrsnittbilder per fleskeside. Avstanden mellom bilda var to centimeter. For kvart tverrsnittbilde vart andel kjøtt og feitt utrekna slik at ein kunne få vite kjøttprosenten per fleskeside. Samtidig kunne ein få meir viten om kjøtt- og feittfordelinga gjennom ei fleskeside.

Grisemateriale

Fleskesider frå 150 grisar vart dissekert ved forsøksskjæreavdelinga i Fagsenteret eller tomografert ved NLH. Venstre halvdel vart dissekert, og høgre halvdel vart tomografert.

Desse 150 grisane er spreidd over heile skalaen når det gjeld kjøttprosent og slaktevekt. I tillegg er forskjellig kjønn (kastrat/purke) og rase (noroc/ikkje-noroc) likt representert. Det inneber at det er få dyr innanfor dei ulike kombinasjonane, noko som kan ha hatt innverknad på resultata. GP2-verdiane (F1, F2, K2, kjøttprosent) er tilgjengeleg for alle slakteria.

Tomograf

Fordelinga av kjøtt og feitt gjennom fleskesida var relativ lik uavhengig av kjønn og rase. Figur 1 viser gjennomsnitt kjøttprosent per bilde for alle raser og kjønn (bilde 1 er nærmast hovudet til grisen). Rase hadde ingen innverknad på kjøttprosenten gjennom fleskesida, medan det var forskjell mellom kjønna. Purkene hadde signifikant høgare kjøttprosent enn kastratane.

Det har vore oppe at feittdepot i fleskesida kan vera eit problem blant anna i forhold til baconproduksjon. Av figur 1 ser ein at fleskesidene er feitast rundt bilde 7 til 11, og dette gjeld all gris, uavhengig av kjønn og rase. Samtidig ser ein at det vert meir kjøtt di lenger bak på grisen ein kjem. Kanskje bakarste del av sida bør brukast til å produsere ekstra kjøttrikt bacon?

Tomograf – dissekering

Figur 2 viser samanhengen mellom tomograf kjøttprosent og disseksjon kjøttprosent for fleskesidene. Forklaringsgraden er på 87,0%, og det er veldig bra. Det inneber at samanhengen mellom tomografert og dissekert kjøttprosent er svært god. Det kan kanskje tyde på at ein i framtida ikkje treng dissekere gris for å justere GP2-likning, men at ein i staden kan tomografere dei ulike stykningsdelane på grisen.

Tomograf – GP2

Figur 3 viser samanhengen mellom tomograf kjøttprosent for fleskesidene og GP2 kjøttprosent. Forklaringsgraden er på 71,4%, noko som er lågare enn for dissekeringa, men som framleis er bra. Det viser at GP2-måla gir eit godt bilde på det faktiske kjøttinnhaldet i fleskesida.

Modeller

Dei måla som i dag er tilgjengeleg for å sortere etter, er slaktevekt og GP2-måla. GP2-måla består av F1, F2 (F=spekktjukkleik i stikk 1 og 2) og K2 (K=kjøttjukkleik i stikk 2). Dersom ein går ut i frå at dissekeringa er fasiten, kan ein få ulike modeller for ulike stykningsdeler. For fleskeside kan det sjå slik ut:

Fleskeside kjøttprosent = 64,6 – 0,0097*slaktevekt – 0,827*F1 – 0,474*F2 + 0,177*K2

Forklaringsgraden for denne modellen er 68,6%. Det inneber at ein med ei sikkerheit på 68,6% kan estimere kjøttinnhaldet i ei fleskeside på grunnlag av slaktevekt, F1, F2 og K2. Med andre ord; ein kan med ganske god sikkerheit estimere kjøttinnhaldet i ei fleskeside utan å ta faktiske målingar i fleskesida. Dette er noko som kan vera til hjelp for industrien, og det må prøvast ut i praksis. Dersom ein har tilsvarande modell for kam, er forklaringsgraden noko høgare, nærmare bestemt 85,7%. Det er naturleg at forklaringsgraden er høgare her ettersom det er i kam GP2-måla vert tatt.

Konklusjon

Det er heilt klart at GP2-måla kan utnyttast på ein betre måte enn dei vert gjort i dag. Samtidig har tomografi av fleskesider gitt litt meir viten om kjøtt- og feittfordelinga. For å verifisere desse resultata ytterlegare, er det nødvendig å gjennomføre praktiske forsøk av for eksempel baconproduksjon ved at fleskesider vert klassifisert i fleire grupper enn einer- og toer-sider.

Sist endret: 12.desember 2002

Tilbakemelding til skribent Inghild Aldal Jørgenvåg