Artikkelen handler om Dyrehelse og Småfe

Parasittresistens i Storbritannia

I mange land er det et stort problem for sauenæringa at invollssnyltere utvikler resistens mot de medikamentene som benyttes til forebygging og behandling.

Av Åshild Øritsland Våge, Helsetjenesten for sau

Like før sommerferien var eg på eit foredrag om parasittresistens i Storbritannia, og kva strategiar ein no må ta i bruk for å få kontroll med problemet. For meg var dette ein skikkeleg tankevekkar:

Mykje av drifta i Storbritannia er intensiv, og parasittmidla har vore nytta for å maksimalisere tilvekst. I Storbritannia er ikkje parasittmidla reseptbelagt. Dette gjer at lønnsemd ved sal ofte medverkar ved anbefaling av parasittmiddel, samt at veterinærane ikkje rådgjev ved val og bruk av parasittmiddel. Talet på registrerte middel er stort, og samansetninga av verkestoff i mange av desse midla er uheldige med tanke på utvikling av resistens. Dei har i tillegg problem med utvortes parasittar, til dømes saueskabb. Dette blir ofte behandla med same middel som dei innvortes parasittane, noko som medfører auka behandlingsfrekvens. Ein annan medverkande faktor er det store omfanget av omsetjing av livdyr. Eit mildare klima har ôg effekt på utviklinga av resistens, mellom anna ved å mogleggjere ein lengre beitesesong.

Dei seinare åra er det registrert mange tilfeller av resistens mot parasittmiddel. Det er ulikskapar i kor mykje resistens det er mot dei ulike verkestoffgruppene. Det vanlegaste er resistens mot Benzimidazoler (Valbazen, Panacur og Curaverm). Fleire stader er det uttalt resistens mot fleire av gruppene (multiresistens). Hastigheita for utvikling av resistens har ôg vore overraskande høg. Foredragshaldaren presenterte eit eksempel der ein hadde følgt ein buskapen over tid, og såg utvikling frå full effekt av parasittmiddelet til 90 % resistens på to år.

Som følgje av denne alvorlege utviklinga er det blitt laga nye anbefalingar for bruk av parasittmiddel (SCOPS – Sustainable Control of Parasites in Sheep).

Eit samandrag av desse anbefalingane er:

• Karantene behandling: alle nye dyr som kjem inn på garden skal behandlast etter anbefalte retningslinjer.

• Administrer parasittmidla korrekt ved å:
         - Sikre at parasittmiddelet ein skal nytta har effekt:
                     - Sørg for rett oppbevaring av midla
                     - Følg datomerkinga.
        - Unngå underdosering:
                    - Veg lamma, evt. dosere alle lamma etter vekta på det største lammet i flokken.
                    - Kalibrer doseringpistolen. Dermed veit ein at pistolen gjev den dosen ein  stiller den inn på. 
                    -  Sørg for god teknikk når ein gjev middelet. Dette er avgjerande for om lamma får i seg den tilmålte mengda parasittmiddel.

• Testing av resistens for å kartleggje eigen situasjon, og lag ein plan for korleis ein skal unngå vidare resistens.

• Gjennomgå behandlingsrutinane, og få hjelp din veterinær til å implementere desse rutinane.

• Gjennomgå beitebruken, og sjå om ein kan redusere behovet for parasittmiddel.

• Ein skal berre behandle med parasittmiddel når det er naudsynt. For å vite dette må ein ha ei kontinuerleg overvaking av eggtal i buskapen ved uttak av avføringsprøvar .

• Bruk rett type parasittmiddel. Midla har ulik effekt på ulike parasittar, og det er difor viktig å finne kva type parasittar ein har før ein vel parasittmiddel.

• Gjera tiltak for å behalde parasittar som ikkje er resistente. Dette er det prinsippet som har vore vanskelegast å implementere, då det kan verke ulogisk, og bryt med ønske om maksimal tilvekst. Det er likevel svært viktig i behandlingsstrategier for å unngå resistens.   
To viktige prinsipper er:
 Ein skal berre behandle dei dyra som treng behandling. Til dømes treng ikkje vaksne dyr som er friske og i rett hold behandling i beiteperioden.
 Ein vil vekk frå den tidlegare strategien der ein behandla ved flytting av dyra. Dette bidreg nemleg til at dei resistente parasittane (altså dei som overlev etter behandling) blir med til dei nye beitene. Etterkvart vil ein berre finne resistente parasittar på desse beitene, og dette gjer at utviklinga av resistens kan gå svært raskt.


I Noreg er arbeidet med å kartleggje resistens godt i gang. Ein har foreløpig funnet at resistens er lite utbredt, men at i områder med intensiv beitebruk er utviklinga i gang. Med tanke på at god parasittkontroll er avgjerande for ei god økonomisk drift med god dyrevelferd, håper eg at dette kan vera ein tankevekkar for dykk og.

Sist endret: 01.oktober 2010

Tilbakemelding til skribent Åshild Øritsland Våge