Artikkelen handler om Dyrehelse og Småfe

Redusert tilvekst på lam - kva er årsaka?

Viss ein i september oppdagar at lammevektene er lågare enn forventa, er det ofte lite ein kan gjera for å finne årsaksforholda. Det er difor viktig at ein er nøye med oppfølging av tilveksten i løpet av beitesesongen. Ein kan då oppdage problema tidleg, og setje i verk naudsynte tiltak på rett tidspunkt.

 

 

Tilveksten blir påverka av fleire ytre faktorar, slik at sluttresultatet kan bli dårleg til tross for eit godt utgangspunkt etter paring og lamming. Kartlegging av årsakstilhøve og igangsetjing av naudsynte tiltak til rett tid er difor viktig for eit godt sluttresultat.
 
Middeltalet for tilvekst i sauekontrollen frå fødsel til haustveging var 279g per dag i 2009. Då tilveksten til lamma går i retning av meir feitt etterkvart som dei vert eldre, er det viktig for klassifisering og pris at lamma har god tilvekst heilt frå starten av. Årsaksforholda nedanfor er dei vanlegaste og kanskje viktigaste årsakene til redusert tilvekst hos lamma.

Mjølketilgang frå søya

Det første ein skal tenke på ved dårleg tilvekst utan andre symptom, er om lamma får nok energi til å ha ein så høg tilvekst som me ønskjer. I første del av beiteperioden er lamma sin tilvekst svært avhengig av søya si mjølkeevne. Dersom søya går med for mange lam, har dårleg hold eller låg mjølkeevne vil ein kunne sjå utslag på tilveksten til lam som ikkje får støttefôring. Ein må og undersøkje om søya kan ha jurbetennelse.

Beite

Kor godt beite er, vil ha mykje å seia for kor mykje mjølk søya produserer, og etterkvart kor mykje energi lamma tek opp frå beitinga. Både kvaliteten på beite og areal per søye er avgjerande for om energitilgangen er tilstrekkeleg. Ei søye med lam på heimebeite har eit arealkrav frå 0,7 dekar per søye og oppover, avhengig av kor mykje beitet produserer.

Parasittar

Me delar mage- og tarmparasittane hos sau grovt inn i rundorm, bendelorm, ikter og eincella parasittar (til dømes koksidier). Det finst mange parasittar innanfor kvar gruppe, som igjen har ulike eigenskapar. Til dømes har parasittane ulik evne til å gjera skade i fordøyelseskanalen, og påverkar dermed tilveksten i ulik grad. Vidare kan parasittane gje problem til ulike tidspunkt, og parasittane har ulike strategiar for overvintring. Alle desse variablane, samt fleire, gjer at det er viktig å vita kva parasittar ein har i eigen buskap. Ein kan då tilpasse parasittbehandlinga etter eigen smitteførekomst og smittepress. Det er difor viktig å ta avføringsprøvar for å kartleggje kva parasittar ein har.

Mangelsjukdommar

For ein optimal tilvekst er kroppen avhengig av inntak av tilstrekkeleg mengde energi, protein, vitaminer og mineral. Ved utilstrekkeleg tilgang på næringsstoff, eller redusert opptak/omsetning i vomma, vil ein kunne få ein mangeltilstand. Symptoma vil variere med kva ein har mangel på, og kor uttalt mangelen er. Under norske tilhøve gjev manglane seg ofte utslag i nedsett tilvekst og eit generelt utriveleg preg på lamma, heller enn tydelege sjukdomsteikn. Dei vanlegaste mangeltilstandane på lam på beite er koboltmangel, selen/vitaminE-mangel og til dels kopparmangel.

Sjukdom på lamma

Dersom ein har eit sjukdomsutbrot blant lamma, vil fôrinntaket gå ned i ein periode. Langvarande sjukdom vil kunne ha mykje å seia for tilveksten. Lam kan få ulike sjukdommar, hovudsakleg infeksjonssjukdommar, som til dømes lungebetennelse, munnskurv og sjodogg. Felles for alle smittsame sjukdommar er at eit høgt smittepress vil leie til at mange dyr blir sjuke. Smittepresset vil auka med talet på dyr, redusert areal og auka nærkontakt mellom dyra.

 

Diagnostisering

Svært mange av årsakene til redusert tilvekst gjev uspesifikke symptom. I tillegg er det fleire av årsakene til redusert tilvekst som kan vera vanskelege å diagnostisere. Diagnosen kan difor vera ei utelukkingsdiagnose, og krev ofte eit samarbeid mellom sauebonden og veterinæren.

Nedanfor er det gitt ein tabell over vanlege sjukdomsårsaker til redusert tilvekst, kva ein skal sjå på for å få mistanke om at dette kan vera eit problem i buskapen og kva diagnostiseringsverktøy ein kan nytta for å finne ut av årsaksforholda.

Årsak:

Få mistanke:

Aktuell diagnostisering:

Parasittar

Dårleg tilvekst og utrivlege lam.

Diare: Mange lam som er skitne bak.

Lam som døyr.

Bleike slimhinner.

Hevelse under haka (Vasspåk).

Avføringsprøvar – Parasittpakken kan rekvirerast av veterinær, medan prøvane blir tatt av sauebonden.

 

Obduksjon av daude dyr.

Kobolt-mangel

Vanlegast langs kysten, særleg Vestlandet.

Dårleg evt. ujamn tilvekst.

Kan få stopp i tilvekst frå 3-5 mnd alder.

Øyeflod og skorper rundt auga.

Ru ull.

Måling av vitamin B12 nivå i blod kan gje ein peikepinn.

 

Sjå på effekt av langtidsverkande kobolttilskot til eit av lamma i tvillingpar.

Selen/

vitamin E mangel

Vanlegast i innlandet.

Lam 3-6 veker:

Stiv gange og problem med å reise seg opp.

Akutte dødsfall.

Eldre lam:

Dårleg tilvekst og vantrivsel.

Obduksjon av døde lam.

Blodprøver – undersøkjer for mengda av eit selenavhengig enzym.

 

Kan elles vera vanskeleg å diagnostisere, særleg forma med redusert tilvekst og vantrivsel.

Koppar-mangel

Mest aktuell langs kysten.

Uttalt mangel ser ein på nyføydde lam, dette er lite aktuelt i Noreg.

I beitesesongen – lite kartlagt i Noreg:

Dårleg tilvekst, dårleg ull, gjerne utan krøller, blodmangel.

Kan vera vanskeleg å diagnostisera.

 

Blodprøver kan vera nyttige.

 

Måling av kopparinnhald i lever og nyrer frå slakta dyr.

Lunge-betennelse

Lam som døyr (akutt form).

Hoste og tungpusta dyr.

Surkling når lamma pustar.

Smittsam – stadig fleire sjuke.

Kliniske symptom vil seia mykje om diagnosen.

 

Obduksjon vil gje ei sikker diagnose. Innsending av daude lam eller lunger frå slakteriet.

Munnskurv

Skorper og sår.

Diagnostisering frå kliniske symptom.

Sjodogg

Stor førekomst av flått.

Dyr med feber.

Mange dyr med anna sjukdom, til dømes lungebetennelse og leddbetennelse.

Blodprøver: påvisning av bakterien i blodutstryk.

 

Obduksjon av daude dyr.

 

Sist endret: 23.juni 2010

Tilbakemelding til skribent Åshild Øritsland Våge