Du er her: Kurs og opplæring / Dyretransport / Prosjekter
Prosjekter
Animalia deltar og leder i flere forskning- og brukerstyrte prosjekter. Her er informasjon om noen av de.
Q-Trans
Brukarstyrt innovasjonsprosjekt støtta av Norges forskingsråd, der Nortura er prosjekteigar og Animalia har prosjektleiinga. Prosjektperiode 2008-2010. Målet for prosjektet er å utvikle eit planleggingsverktøy for dyretransporten. Andre deltakarar i prosjektet er Høgskolen i Molde og Transvision (DK).
Betre dyrebilar – norsk rettleiing for utforming av dyrebilar
Prosjektet vart avslutta i 2006 og rapporten er gjort tilgjengeleg for bransjen. Mattilsynet støtta prosjektet og deltok i prosjektgruppa. Etter at transportforordninga (1/2005) kom i 2007 og Mattilsynet varsla at ein ville gjera større endringar i det særnorske regelverket, er det no trong for ein større revisjon av rettleiaren. Dette vil bli gjort så fort det nye norske regelverket for dyretransport er vedtatt.
Sauens velferd
Prosjektet er eigd av Norges veterinærhøgskole og Animalia er involvert i fleire delprosjekt. Hovudmålet er å kartlegge sauens velferd gjennom heile verdikjeda. Det er gjennomført ei undersøking av fysisk stress frå sanking til slakting, inkludert transport. Resultata blir publisert 2010.