Du er her: Tjenester og fagområder / Helsetjenesten for sau / / Resultat frå spørjeundersøking om framtidas forsking om sauefôring
Resultat frå spørjeundersøking om framtidas forsking om sauefôring
I samband med at Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) har tilsett ein forskar som skal ha fôring av sau som spesialtema, laga Animalia og Nortura ei spørjeundersøking som gjekk ut til alle Sauekontrollen sine medlemmer med e-postadresse. Hovudhensikta med denne undersøkinga var å få svar på kva fôringsspørsmål sauebonden er mest opptatt av.
Vi fekk veldig god respons! Heile 1226 sauebønder sendte inn svarskjema.
På spørsmålet “kva fôringsspørsmål er det viktigast å få meir kunnskap om” laga vi fylgjande alternativ.
* For meg er det viktigast å få meir kunnskap om korleis fôringa kan:
* Redusere lammetapet mitt
* Auke mjølkeproduksjonen til søyene mine
* Påverke lammetalet til søyene mine
* Påverke helsetilstanden til søyene mine
* Gjennomførast på ein rasjonell måte og med lite fôrspel
* Redusere kostnadene mine og likevel gje ein høg produksjon
* Andre fôringsspørsmål
Her ynskte vi at dei som svarte skulle rangere desse alternativa etter kor viktig dei meinte det var.
Her fekk vi eit klart svar:
Over 700 svarskjema rangerte “Auka mjølkeproduksjon” som viktigast eller nest viktigast.
Vi lova at fem stk av dei som deltok på spørjeundersøkinga skulle få ein premie frå Animalia eller Nortura. Dei fem heldige vinnarane er:
Tore Nybo, 6339 Isfjorden
Ole Aspaker, 9415 Harstad
Norvald Hårklau, 5700 Voss
Jan Toralf Omtveit, 3850 Kviteseid
Terje Ramstad, 6800 Førde
Desse fem kan vente seg ei pakke i posten frå Animalia og Nortura.
TUSEN TAKK for at de svarte på denne spørjeundersøkinga.
Lisbeth Hektoen, Helsetjenesten for sau, Animalia og Finn Avdem, Team småfe, Nortura