Dyretransport- kurs og kompetansebevis

12. mars 2021 arrangerer vi kurs i dyretransport som webinar.

Det er eit krav at alle som transporter dyr over 50 km må ha kompetansebevis frå Mattilsynet. Unntatt frå dette kravet er beitetransport.

 

Animalia tilbyr kurs som gjev kompetansebevis i transport av småfe, storfe og svin. På grunn av Covid-19 og smittemessigeforhold tilbyr Animalia e-læring i kombinasjon med webinar som erstatning for fysisk kurs.I tillegg til vårt kursopplegg må ein også kunne dokumentere kunnskap om nødavliving for å kunne søke Mattilsynet om kompetansebevis. Dette er ikkje ein del av Animalia sitt kurs.

Kunnskap om nødavliving kan ein tilegne seg på ulike måtar og me tilrår at ein høyrer med sitt slakteri, sin dyrlege eller andre som har kompetanse om avliving av dyr.