Kan sauen transporterast?

Sauebonden har den viktigaste jobben for å sikre sauens velferd i samband med transport til slakt.

Sauens helse og kondisjon er heilt avgjerande for velferden under transport. Transporttida i Noreg er lite relevant for dyras velferd samanlikna med helse og kondisjon så lenge areal- og ventilasjonskrav er oppfylt. Difor bør sauebonden før transport vurdere tilstanden til dyra sine. Han eller ho kjenner sine dyr og veit om det er noko som kan påverke deira evne til å tole transporten, og dette skal formidlast til dyrebilsjåføren. Dyrebilsjåføren kan aldri sjekke grundig alle dyr i løpet av den korte tida som pålessinga varer. Han er difor heilt avhengig av rett informasjon frå dyreeigar. Sauebondens underskrift på transportseddel er ei erklæring på at ein har vurdert dyra som egna til folkemat, friske og transportdyktige. Dersom ein ikkje har gjort ei slik vurdering av dyra eller har oppgjeve feil eller mangelfulle opplysningar til sjåfør, så er det eit brot på forskrift om næringsmessig transport av dyr.

Kva skal ein sjå etter?

Alle tilstandar som har påverka sauens helse og kondisjon er viktige i forhold til transport. Oftast er det lett å plukke ut dei som tydeleg ikkje er transportdyktige, dette kan til dømes vera

  • Dyr med feber
  • Dyr som et lite eller ingenting
  • Dyr som er sløve og uoppmerksame , som står og heng
  • Dyr som ikkje følgjer flokken under flytting og handtering
  • Dyr som ikkje tek støtte på ein fot på grunn av smerter i bein eller klauv
  • Dyr med alvorlege opne sår til dømes på grunn av jurbetennelse, bittskader og liknande
  • Dyr i svært dårleg hald (haldpoeng 1)
  • Sau siste to veker før og ei veke etter lamming (unntak innafor garden)

Svært magre sauer (haldpoeng 1) oppfyller ikkje krava til å bli godkjent som slakt og er ikkje transportdyktige. Foto: Inge Midtveit.

Det er likevel dei dyra som ikkje er tydeleg sjuke, men som heller ikkje er heilt friske som er ei utfordring å vurdere om ein kan sende med dyrebilen. I vurderinga må ein ta med kva for transport dei skal sendast med. Ein ordinær dyretransport med 20-25 dyr i rommet og 140-180 lam på heile bilen, har ikkje fleksibiltitet til å ta med dyr med spesielle behov. Difor må alle vera fullt transportdyktige. Dersom dyrebilen derimot har eit ledig rom eller ein sjølv kan transportere sauen inn på ein god måte, så kan sau som kanskje ikkje vil tåle ordinær transport likevel kunne transporterast på ein forsvarleg måte. Dette føreset at dyret har god plass, har egna selskap og rikeleg strø.

Dette kan til dømes gjelde:

  • Dyr som avvik frå flokken pga ull, hårlag eller generell trivsel
  • Noko magre dyr som trass i god apetitt og fôring eller beite ikkje legg på seg
  • Søyer med brokk (vomiskinn)
  • Dyr som haltar litt (tek støtte på foten, men legg ikkje full vekt på den)

Sauebonden bør ta med i vurderinga om det kan vera best å avlive dyret på garden, dette gjeld særleg små og tynne lam og magre søyer som truleg ikkje er egna til folkemat. Når det gjeld eigentransport, så kan sauebonden transportere egne dyr under 50 km utan kompetansebevis. Beitekøyring er unntatt frå dette kravet. Dersom ein er tvil om dyret kan transporterast, skal ein konferere med dyrebilsjåfør eller veterinær – ofte er tilsynsveterinær på slakteriet den som er mest naturleg å kontakte.

Sjølv om det blir brukt strø, så blir golvet på dyrebilen vått og grisete dersom dyra ikkje er fasta dei siste 6-12 timar før transport. Foto: Inge Midtveit.

Gjer transporten best mogleg for dyra

Dyra skal stå klar i eigen binge og grinder og drivgangar skal vera klart til dyrebilen kjem. Du bør ta dyra av beite eller stoppe all fôring 6-12 timar før transport. Då blir transporten meir komfortabel for dyra og det blir reinare og trivelegare på dyrebilen. For slaktehygienen er fasting også viktig.

Det er viktig at dyra er fasta 6-12 timar før transport for at golvet skal halde seg tørt og fint. Biletet viser dyr som er tatt på bilen rett frå full fôring. Foto: Inge Midtveit.

Sau og geit nr. 5/2015

Inge Midtveit, spesialveterinær i Animalia