Køyre- og kviletid – har du nok folk?

Det er lite håp om at dyretransportnæringa vil få unntak frå regelverket om køyre- og kviletid. Ei stor utfordring blir å finne nok sjåførar til den intensive haustsesongen. Tre fjerdedelar av slaktegrisen har mindre enn 50 km til slakteriet, så mange vil merke mindre til dei nye krava.

Fotograf : Animalia/ Inge Midtveit

Problemet er pausen undervegs

Det området der dyrevelferdsregelverket verkeleg kjem i konflikt med køyre- og kviletidskrava, er regelen om sjåføren må ta 45 minutters pause etter fire og ein halv time køyring. I denne pausen vil dyra bli urolege, gris vil slåss og det vil ofte ha svært negative konsekvensar for dyra. Trass i at pausen kan delast i 15 minutt etter fire og ein halv time og 30 minutters pause to og ein halv time seinare, bør ein planlegge inntransporten utan å måtte ta pause.

Håp om utviding av transporttida i Nord-Noreg

Ein håpar at Nordland, Troms og Finnmark skal få høve til å utvide køyretida frå 9 til 10,5 timar. To dagar i veka kan ein auke frå 10 til 11,5 timar. Dette vil i ein del områder gjera det mogleg å koma heim før ein må ta kvelden (døgnkvil). Det vil nok ta tid før ein får svar på denne søknaden. Inntil vidare, så vil dei ordinære krava gjelde. Dette betyr altså at mange ikkje kjem seg heim etter at dagens arbeid er gjort.  

Konsekvensar

Det er fleire måtar ein kan tilpasse seg krava, men det er vanskeleg å gjera dei store endringane på kort sikt. Det mest nærliggande vil vera å ha to sjåførar, der den eine samlar inn dyra og ein annan køyrer inn til slakteriet. Det kan også vera naturleg å stille nye krav til leverandørane slik at til dømes småfe blir transportert til samleplassar større delar av året og at hentetidspunkta blir endra.

Dyrevelferden?

Generelt er transporttida kort i Noreg. Andelen dyr som har kortare enn 50 km til slakteriet er hhv. 74 % for gris, 41 % for storfe og 36 % for småfe. Dei transportørane som hentar dyr innafor så korte avstandar treng nok ikkje gjera så store endringar for å imøtekoma dei nye krava. Det er på dei lengre avstandane at ein må planlegge transporten på nye måtar. Dette kan føre til lengre transporttid på grunn av auka press på effektivitet når lønskostnadene går opp. Lengre transporttid er uheldig for kyr, medan grisen og sauen blir lite påverka.

Aktuelle tiltak for å sikre dyrevelferden

Dyrebilar med større kapasitet vil truleg bli konsekvensen av dei nye krava. Dette inneber meir spesialisert transport med dyrebilar som er betre tilpassa det enkelte dyreslaget. Særleg for gris vil dette vera ein fordel på grunn av betre ventilasjon under pålessing. Slike dyrebilar er også egna for beitekøyring av småfe. Storfe vil i større grad bli transportert i dyrebilar med to etasjar. Dette gjer sjåføren betre i stand til å sikre arealkrava og plassere dyr i lag med egna selskap. Betre forhold for storfe under transport vil kunne kompensere noko for forlenga transporttid.