Go'mørning

Transport av storfe – betre og meir effektivt i to høgder

Taket kan heisast under lasting og lossing, slik at ein får grei arbeidshøgde. Det gjev også fleksibel etasjehøgde alt etter dyras storleik. Fotograf: Animalia/ Inge Midveit

Det er fleire transportselskap og slakteri som har tatt i bruk dyrebilar der ein kan transportere storfe i to høgder. Kva inneber dette for dyra, for bonden og for slakteriet?

Ei utfordring som dyrebilsjåførane møter dagleg, er at dyra ikkje er like. Dei er ulike i storleik, vekt, kondisjon og styrke. Vidare har nokon horn og nokon er kolla. Blanding av slike dyr i same rom kan vera uheldig for dyras velferd, og det er ofte i strid med regelverket for transport av dyr. Med transport av storfe i to høgder får ein dobbelt så mange rom å fordela dyra på. Dette gjer at dyr med særlege behov kan stå aleine eller i lag med egna selskap.

Per Opdahl er dyrebilsjåfør for Arntsen AS og transporterer storfe til Nortura Malvik. Han har i snart to år brukt påbygg frå tyske Finkl og har berre gode erfaringar å vise til. Skåpa er solide og trygge å bruke, og han er no i stand til å yte betre service til gardbrukaren ved at han kan ta med dyr han tidlegare måtte sette igjen då han brukte dyrebil med berre ein etasje.

Er det nok høgde?

Gjennomsnittleg boghøgde for kyr av den største kjøttferasen Simmental er 1,38 m. Per Opdahl sin dyrebil har 1,55m som takhøgde både oppe og nede. Dersom ein skal ta med dyr som er ekstra høge, kan ein heve golvet og stikke inn boltar frå utsida. I praksis viser det seg at det sjeldan behov for å bruke denne løysinga.

Kva seier gardbrukaren?

Bjørn Almlid er ammekubonde i Beitstad i Steinkjer kommune. Han har om lag 40 kalvingar i året og kjøper inn oksekalv for framfôring. Bjørn har tidlegare arbeidd som dyrebilsjåfør og kjenner godt til problemstillingane med å transportere storfe. Bjørn meiner det er ein stor fordel å ha fleire rom som dyra kan fordelast på. Ofte sender ein med ei mindre kvige eller ei eldre ku som ikkje bør stå i lag med større og sterkare dyr. Med to høgder kan desse likevel transporterast.

Ofte leverer Bjørn meir enn 15 storfe om gongen – som er det ein vanleg dyrebil har plass til, dermed må dyrebilen enten køyre to gonger eller bruke tilhengar.

Dette medfører ekstra kostnader og går ut over økonomien hans som kjøttprodusent. Bruk av hengar har også nokre ulemper både reint praktisk og sikkehetsmessig for dyr og personell.

Bruk i praksis

Sjølve pålessinga skiljer seg ikkje frå andre dyrebilar. Golvet er sklisikkert og karmar og portar er lette å feste slik at ein unngår slamring og bråk som skremmer dyra. Når dyra er på plass i rommet kan sjåføren heise opp dyra. Dette går stille og fredeleg for seg og dyra ser upåverka ut. Golvet passerer ventilasjonsopningar under heising, så det er viktig at ein følgjer med for å sikre at alle dyr har beina i golvet.

Risikoen for at dyr klemmer seg under heising er liten fordi det er montert ein ca 40 cm høg kant mot vegg. Det er likevel enkelte kyr som likar dårleg å stå ved vegg, og som derfor står og trør oppetter veggen. I slike situasjonar må sjåføren følgje med for å sikre at skader ikkje oppstår. Mot portar fram og bak i rommet er det ingen fare for skade fordi portane er glatte utan noko som dyra kan sette klauver fast i.

Ei god løysing

Det er ingen tvil om at dyrebilar som har høve til å ta i bruk to høgder også for storfe, vil kunne løyse mange av dei utfordringane som dyrebilsjåføren møter i det daglege. Det er likevel nødvendig for dyrebilsjåføren å tilpasse køyrestil til ei last med høgare tyngdepunkt - slik ein også måtte den gongen ein begynte å transportere gris i to høgder. Trass i at fleire dyr på bilen ofte vil føre til lengre transporttid, så er tilpassa transport for det enkelte dyret viktigare for dyrevelferden.