Go'mørning

Bunaden blir norsk-norsk!

Bunadene på biletet er variantar frå Gudbrandsdalen, levert av Gudbransdalens Uldvarefabrik. Fotograf: ricardofoto/Gudbrandsdalsens Uldvarefabrik

Dei siste ti åra har norsk ull gått frå å vere mest utenkeleg som råvare i bunaden, til å bli høgt verdsett.

Bunaden er i vinden som aldri før. Nesten 70 prosent av alle norske kvinner, og rundt 20 prosent av alle menn, har minst éin bunad, ifølgje Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Og 17. mai er dagen då vi stolt ikler oss nasjonaldrakta, og på den måten viser kven vi er og kor vi stammar frå.

Det norskaste av det norske, tenker du kanskje. Niks. Har du ein bunad som er sydd mellom 1960 og 2015, er det ganske garantert ikkje ein einaste fiber i bunaden som er produsert her til lands.

Gudbrandsdalens Uldvarefabrik (GU) har produsert bunadsstoff frå starten av 1900-talet. Først på norsk ull, men mot slutten av 1960-talet var det ull frå New Zealand som dominerte i bunadar, fortel marknadssjef Karen Lauvålien. Kvaliteten på norsk ull fekk rykte på seg som altfor grov og full av forureining. Det har endra seg.

Finsortering av ull

– For vel ti år sidan tok Rauma garn kontakt med Norilia for å få etablert ein spesialsortering på lammeull, seier Marion Tviland, leiar av ullavdelinga i Norilia.

Norilia tok utfordringa. Ulla som bonden får klassifisert som C1, blir nå finsortert i tre kategoriar etter fiberkvalitet.

– Gjennom den spesialsorteringa kan vi gi kundane våre tilgang til ekstra finfibra lammeull (lågare micron). Det har gjort norsk ull aktuell og konkurransedyktig på fleire bruksområde, ikkje minst i bunaden, seier Tviland.

Dette blei starten på eit samarbeid som har gjort norsk ull ettertrakta som bunadsstoff. Fleire bedrifter, blant anna Gudbrandsdalens Uldvarefabrik og Krivi-Vev, kan nå nyte godt av spesialsorteringane. Det har også vore eit viktig bidrag til at Norilia har auka salet av norsk ull til norske kundar frå under 15 til over 30 prosent.

Meir bevisst

– Vi blir meir og meir bevisst på det vi kjøper, og langsiktige investeringar blir viktigare. Vala vi tar får konsekvensar for miljøet og framtida, seier Lauvålien.

Folk er i større grad enn før, opptekne av kva bunaden faktisk er laga av. Lauvålien meiner at kombinasjonen av naturmaterial som ikkje gir frå seg mikroplast, lokale råvarer som eit bi-produkt, og lang levetid, gjer bunaden til eit berekraftig val.

Frå null til nitti prosent norsk ull

Krivi-Vev på Tingvoll starta opp i 1988, og har gått frå å bruke berre importert ull, til opp mot 90 prosent norsk ull i sine stoff.

– Eg må innrømme at vi var skeptiske, men vart overraska. Den norske ulla viste seg å gå betre i maskinane, den var rein og fin, og hadde fin glans og god spenst. Det var berre fordelar faktisk, seier Viktor Gautvik, grunnleggaren av Krivi-Vev.

Veveriet på Tingvoll er landets einaste industrielle lin-veveri, og dekker rundt 60 prosent av den norske marknaden av bunadsskjorter. Per i dag er det er det ingen linspibberi her til lands, så lin- garnet blir importert blant anna frå Italia og Beligia.

Festdrakt av biprodukt

Bunaden – ein festdrakt av slitesterk norsk ull som kan gå i arv i generasjonar. – Det er berekraft, seier Karen Lauvålien i Gudbrandsdalens Uldvarefabrik.

Gudbrandsdalen Uldvarefabrik (GU) begynte å produsere tekstilar på starten av 1900-talet. Bunadsstoff av norsk ull var ein del av produksjonen. Ull blei levert direkte til fabrikken og vaska på huset.

På 1960-talet tok Asia over store delar av konfeksjonsindustrien. GU avvikla det meste av tekstilproduksjonen til kle, men produserer framleis møbelstoff og bunadsstoff. Då vaskeriet av miljøomsyn måtte avviklast, fekk dei ikkje lenger tak i norsk ull av god nok kvalitet, og starta import frå New Zealand.

– NZ-ulla var reinare og haldt høgare kvalitet. I tillegg har landet høg kompetanse på klassifisering, vasking og handtering av ull, seier Karen Lauvålien.

Men i 2015 inngjekk dei eit samarbeid med Norilia, om å sortere ut ull med høg kvalitet som gjer det mogleg for GU å bruke norsk ull både i møbel- og bunadsstoff. I dag er GU størst i landet på bunadsstoff, og leverer til nesten alle typar bunader.

– Vi bruker norsk ull i dei bunadsstoffa kor den er eigna, men i dei aller finaste kvalitetsstoffa, som ulldamask og drapé er vi avhengig av import, seier Lauvålien.

Norsk og berekraftig

Lauvålien legg vekt på berekraft og god forvalting av ressursar når ho snakkar om verdien av bunaden. – Bunadsstoff har ibuande verdiar som går i arv og vert nytta i generasjonar. Det er viktig at vi tek vare på ressursane våre og er audmjuke for dei tinga vi omgir oss med. Ikkje minst for komande generasjonar, seier ho. At bunaden går i arv er ein viktig del av denne tankegangen. Og med hint til at bunaden er ”svartelista” som miljøversting av EU, har Lauvålien følgjande kommentar:

– Kombinasjonen av lokale råvarer som er eit bi-produkt av sauehaldet, at bunaden går i arv og har lang levetid, og at ull er eit naturmateriale som ikkje gir frå seg mikroplast, gjer bunaden definitivt til eit berekraftig val, seier ho.

Hjå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik kan dei også skilte med lokal produksjon kor alle prosessar går føre seg under same tak.

– Det er unikt, seier Lauvålien.

Jentene er kledd i Rondastakk med rutaliv og gutane i guttebunad frå Gudbrandsdalen med rutavest

Jentene er kledd i Rondastakk med rutaliv og gutane i guttebunad frå Gudbrandsdalen med rutavest

Fotograf : ricardofoto/Gudbrandsdalsens Uldvarefabrik