Transport til slakteri - kan vi bli betre?

Andelen sau og lam som dør under transport og oppstalling på slakteri i Noreg er om lag som i Storbritannia på 0,02 prosent. Trass betre slaktekvalitet i vintermånadene er andelen som dør i denne perioden for høg. Årsaka er dårlegare kondisjon og helse hjå dyr som slaktast utanfor sesongen.

Statistikk frå Animalia viser at andelen sau og lam som dør under transport og oppstalling på slakteri over fleire år har vore høgare om vinteren enn om hausten. For å finne meir ut om kva desse dyra dør av starta Animalia ei undersøking i samarbeid med Veterinærinstituttet. Tre slakteri deltok i undersøkinga. Frå desse slakteria skulle alle sau og lam som døde eller vart avliva av velferdsgrunnar på dyrebil eller slaktefjøs sendast til Veterinærinstituttet for obduksjon. Totalt vart det obdusert 72 sau og lam i prosjektperioden som strekte seg over heile 2013 og fram til og med fyrste kvartal 2014.

Stor variasjon i kor mange som dør

Det har dei siste fire åra vore 3-5 gonger så høg andel døde i fyrste kvartal som i tredje kvartal. I haustsesongen som omfattar delar av tredje og fjerde kvartal dør det ein mindre andel enn snittet for heile året. Om lag 80% av den norske slaktemengda blir slakta i denne perioden. Tala for 2011 til og med andre kvartal 2015 er vist i figur 1.

Figur 1. Prosentandel transportdøde sau og lam av alle slakta per kvartal for åra 2011 til og med andre kvartal 2015.

Kvifor dør desse dyra?

Veterinærinstituttet har kategorisert obuksjonsfunna i tre hovudkategoriar; akutte tilstandar, underliggande sjukdom og ein kategori der ein ikkje finn noko sikker diagnose. Figur 2 viser fordelinga av desse per kvartal. Ein ser at underliggande sjukdom er den viktigaste dødsårsaken i fyrste kvartal, medan ein for resten av året har om lag like mange som dør av akutte tilstandar som av underliggande sjukdom. Med underliggande sjukdom meiner ein sjukdom som dyret hadde før det vart sendt frå garden. Det omfattar blant anna lungebetennelse, mage- og tarmparasittar og generell avmagring. Med akutte tilstandar reknast kveling av dyr som legg seg og ikkje klarer å reise seg på grunn av for dårleg plass. Vidare er hovud- eller nakkeskader på grunn av stanging, samt hjartesvikt og tarmslyng påvist.

Figur 2. Fordeling av diagnosegrupper per kvartal som andel av slakta per kvartal.

Sauen friskast om hausten

Det dør ein høgare andel sau og lam i samband med transport og oppstalling i fyrste halvår enn i andre halvår. Eit anna uttrykk for helse og kondisjon hjå sau og lam som blir slakta, er Mattilsynets kassasjonar i kjøttkontrollen. Dette er altså dyr som er godkjent for slakting, men som etter undersøking av slakteskrotten og indre organ ikkje blir funnen egna til folkemat. Desse tala viser også at det er meir sjukdom i fyrste og andre kvartal enn resten av året. Faktisk er det om lag ti gonger så høg andel totalkasserte sau og lam i andre kvartal som i tredje kvartal ved dei tre slakteria som me undersøkte. Figur 3 viser tal frå Mattilsynet over totalkasserte sau og lam ved dei tre slakteria som var med i undersøkinga.

Figur 3. Prosentandel totalkasserte sau og lam i kjøttkontrollen ved tre slakteri, kjelde: Mattilsynet

Andelen dyr som var avmagra eller magre var høgast blant dei dyra som døde av underliggande sjukdom. Ingen av dyra som døde utan nokon underliggande sjukdom var avmagra. Slaktevekt, klasse og feitt for vaksen sau er betre i vintermånadene enn om hausten (klassifiseringsstatistikken, Animalia). Figur 4 viser fordeling av dyra etter hald med og utan underliggande sjukdom.

Figur 4. Ernæringstilstand hjå dyr med og utan underliggande sjukdom

Transportkvalitet vs transportlengde

Gjennomsnittleg transporttid inn til dei tre slakteria var 2,4, 2,8 og 3,9 timar. Det er kjent både frå forsking og praktisk erfaring at sau og lam toler godt å bli transportert utan fare for dyras velferd. Transport i åtte timar som er det maksimale ein har lov til i Noreg, er ikkje noko stor belastning for sau og lam dersom dei er friske og i god kondisjon og krava til ventilasjon og plass er oppfylt. Det er avgjerande at arealkrava blir overhaldne, noko som inneber minst 0,30 m2 for eit gjennomsnittleg slaktelam med ull på 45 kg.

Konklusjon og tiltak

Det dør ein vesentleg høgare andel sau og lam vinter og vår. Ein del av desse døde som følgje av sjukdom som oppsto før transporten. Slik sjukdom kan vera uråd å oppdage for sauebonden eller den kan ha oppstått eller blitt akutt verre under transport eller oppstalling. Likevel er det grunn til å tru at ein del av dyra hadde sjukdom som produsenten visste om, men som han eller ho ikkje tok omsyn til når dyret vart bestemt slakta. Dersom alle desse dyra vart tatt ut av statistikken, så hadde dødelighet under transport vore lågast i verda. Sjå også eiga sak om sauebondens vurdering av sine dyr før transport.

Sau og geit nr. 5/2015

Inge Midtveit, spesialveterinær i Animalia