Dyrevelferd ved transport

Transport utset dyr for ei rekke hendingar og opplevingar som ofte utløyser ein stressreaksjon – både fysisk og psykisk. Dette er likevel ikkje det same som at dyras velferd under transporten er dårleg.

Transporttid er for mange rekna for å vera det viktigaste kriteriet ein kan måle dyretransport på – dess kortare dess betre. I praksis er likevel dyretransport ei så kompleks oppleving for eit dyr at det blir for enkelt å redusere dyrevelferd under transport til å måle kor lang tid det tek. Under norske tilhøve der den gjennomsnittlege transporttida er under fire timar, vil handtering av dyra på garden ha størst innverknad på dyras velferd. Samstundes må ein ikkje gløyme at forskriftsbrot og avvik frå god praksis, som til dømes feil ventilasjon og uforsiktig køyrestil, får større konsekvensar for dyras velferd på ein lang tur enn på ein kort tur.

Det er summen av dyrets evne til å tole transport, kor lenge transporten varer og kvaliteten på den, som avgjer kor god velferda til eit dyr under transport er. Det er eit samspel mellom dyra, miljøet og personellet som handterer dyra. Personellet sin kompetanse og evne til å ta rett avgjerd til rett tid er heilt avgjerande. Det fysiske miljøet som dyra møter under klargjering på garden, pålessing og transport er også svært viktig.

Transportdød - ein indikasjon på dyrevelferd

Ein mykje brukt definisjon på dyrevelferd, er dyret si evne til å takle sitt miljø. Dyr som dør under eller etter transport, har definitivt ikkje takla sitt miljø, og velferda til dyret har vore deretter. Det er difor vanleg å bruke andelen som dør under og etter transport som ein indikasjon på dyras velferd.

 I 2010 innførte kjøttbransjen ei ordning der slakteria sjølve rapporterer inn dyr som dør til Animalia. Det vart også innført eit kodesystem for dyr som blir nødavliva av velferdsgrunnar. Denne endringa har medført at Animalia kan analysere endringar i transportdødtala og finne tiltak for å betre dyrevelferda under transport.

Regelverk

Offentlege regelverk er grunnmuren i vernet av dyr under transport og fastset minimumskravet for handtering av dyr. Vernet av dyr under transport vart i 2005 forbetra på fleire områder då EU vedtok ny forordning om transport av dyr som gjennom EØS-avtala også er gjeldande i Noreg (Forordning 1/2005). Dette regelverket er på fleire områder strengare enn det norske var tidlegare, medan dei særnorske forboda mot elektrisk drivstav og kravet om maksimal transporttid på åtte timar for slaktedyr er vidareført i særnorsk forskrift (forskrift om næringsmessig transport av dyr). Høvet til å utvide transporttida med inntil 11 timar i dei tre nordlegaste fylka dersom ein ikkje når inn til nærmaste slakteri på åtte timar, vart også vidareført.

Transportfordninga er tydlegare enn den gamle norske transportforskriften på kva dyr som ikkje kan transporterast og kva ein skal gjera for å kunne transportere dyr som ikkje er heilt friske, men likevel transportdyktige på visse vilkår. Det er strengare krav til transport av drektige dyr og forbode å transportere dyr som har mindre enn ti prosent av drektighetstida igjen før forventa fødsel. Trass i at regelverket no er tydelegare, er det heilt naudsynt med omfattande skjønn i forvaltninga av regelverket for transport av dyr.