Lammetal med “hold” i

Det er snart tid for paring, og nok ein gong tid for å tenke på lammetalet. Før paringa kan ein påverke lammetalet både ved val av avlsdyr og ved fôring av avlsdyra. I tillegg til å påverke lammetalet er fôring og riktig hold viktig for å få ei frisk søye som produserer nok råmjølk. Å få søya i riktig hold fram mot paring er difor vel investert tid og arbeid.


Publisert: 06.12.2012 Oppdatert: 05.02.2018

EGGLØYSING OG LAMMETAL

Talet på egg som lausnar blir påverka av tilhøve ved dyret (ml.a. arv og alder) og faktorar i miljøet. Totalt fødde lam har ein arvegrad på 10-12 %. Dette betyr at miljøet står for 88-90 % av variasjonen innan ein rase. Det er derimot stor genetisk variasjon i lammetal mellom rasar. Det høge lammetalet hos NKS kjem av at det har vore kryssa inn Finsk landrase, samt at det har vorte avla for auka lammetal. NKS-avlen har gjeve ein framgang på 0,2 fødde lam per søye dei siste ti åra. Av mindre fruktbare rasar har ein Texel og Sjeviot. Ved ønske om lågare lammetal kan ein difor vurdere å krysse inn av ein av desse rasane.

Fôring er svært sentralt når det gjeld korleis miljøet påverkar lammetalet. Ein ser både langtids- og korttidseffektar av fôringa. Med langtidseffektar meiner ein at fôring i ei viss periode kan påverke reproduksjonen på eit seinare tidspunkt. Eit eksempel på dette er at underfôring av søya i drektigheita kan gje dårlegare reproduksjonsevner hos fosteret seinare i livet. Bakgrunnen for dette er at eggstokkane blir utvikla allereie i fosterlivet. Tida etter fødsel er ein annan slik periode. Lengre periodar med svolt og dårleg tilvekst tidleg i livet kan slå negativet ut på seinare reproduksjonsevne.

For søya vil ernæringsstatusen i laktasjonen påverke reproduksjonsevna i etterfølgjande brunst. Dette kjem av at utvikling av egga tek om lag 6 månadar. God fôring av lakterande søyer er difor viktig av fleire grunner. Det er godt dokumentert at tynne søyer og for feite søyer har lågare tale på egg som lausnar. Det optimale er at søyene er i holdklasse 3-3,5 ved paring.

Når det gjeld korttidseffektar av fôring vil stigande energiforsyning mot paring auke talet på egg som lausnar (flushing). Denne flushing-effekten er vanskelegare å oppnå dersom søya allereie er i godt hold. Å fôre for lågare lammetal er vanskeleg då dei faktorane som gjev lågare lammetal òg kan gje høgt lammetap og dårleg mjølkeproduksjon. Ønskjer ein lågare lammetal må difor fokuset vera å unngå flushing. Dette kan ein oppnå ved å fôre vedlikehaldsbehovet siste vekene før paring. Vær klar over at fri tilgang på godt grovfôr åleine kan gje flushing-effekt på tynne søyer.

FOSTEROVERLEVINGA OG LAMMETAL

I tillegg til effekten på eggløysing, påverkar fôringa kor stor del av fosteranlegga som overlev. Store endringar i fôring og for sterk fôring i første tredjedel av drektigheita kan gje auka fosterdød. Ein anbefaler difor at vaksne søyer i rett hold berre bør får vedlikehaldsbehovet den første månaden av drektigheita. Dette set altså visse krav til søya sitt hold ved paring. For sterk fôring i andre tredjedel av drektigheita ser ut til å gje dårlegare utvikling av fosterhinnene. Problem ser ein særskild hos søyer som legg raskt på seg i denne perioden. Dårleg utvikla fosterhinner kan gje mindre foster og fleire foster som døyr. Dersom søyene er for feite (>3,5) i drektigheita ser ein auka førekomst av sjukdom som t.d. vaginalprolaps og lammingsvanskar. Søyene bør difor verken vera for tynne eller feite gjennom drektigheita.

Tilstrekkelege nivå av mikromineral er ein annan faktor som er viktig for fostera. Særleg kan mangel på selen og jod kan føra til redusert overleving.

RETT HOLD TIL RETT TID

Periodar der ernæring kan påverke talet på fødde lam er som vist mange, og både over og underfôring kan ha negative effektar. At søya er i tilstrekkeleg hold ved fødsel er avgjerande for om ho produserer nok råmjølk. Dette betyr at det holdet ho ikkje har ved paring må ho opparbeide seg gjennom drektigheita. Som nemnt kan dette ha ein del negative sider. Samtidig skal søyene heller ikkje vera for feite på grunn av fare for sjukdom. Ei søye i rett hold er altså avgjørande for lammetal, sjukdom i drekta og produksjon av råmjølk. Og jobben med å få ho rett hold, den gjer du NO – i god tid før paringssesongen.